onsdag 7. september 2022

Gynekologi: Tidlig ultralyd

 

«Frå 01.09.2022 er vi endeleg i gang med tidleg ultralyd til alle gravide. I samband med dette set vi stor pris på om alle henvisingar til rutineultralyd inneheld informasjon om at kvinna er informert om høvet til å søke prenataldiagnostisk ultralyd i veke 12-13. 

Vidare vil vi gjerne ha informasjon om kvinna ynskjer slik diagnostikk, kanskje særleg viktig i dei tilfella kvinna IKKJE ynskjer dette. Då kan vi unngå å kalle inn kvinner som av ulike grunnar ikkje ynskjer det. 

Alle kvinner som er gravide skal ha tilbod om 1. trimester ultralyd, kvinner som er 35 år eller eldre har i tillegg tilbod om NIPT, ei blodprøve av mor som kan identifisere risiko for Downs syndrom og to andre meir alvorlege syndrom hos barnet. 

Dersom ein finn anatomiske avvik ved ultralyd i veke 12 vil vi tilby invasiv diagnostikk, i form av NIPT eller chorion villus sampling. Kvinner som er under 35 år og der ein finn alt vel ved ultralydundersøking i veke 12, kan få utført NIPT privat mot eigenbetaling.

Informasjonsmateriale retta mot fastlegar er under utarbeiding. OuS har laga ein informasjonsvideo retta mot gravide, den varer i 12 minutt og er svært relevant for kvinner som har tilbod om tidleg ultralyd. 

Direktoratet har utvikla informasjonsmateriell retta mot fyrstelinjetenesta, dette er noko omfattande og kanskje mest retta mot kommunejordmødre, men kan vere nyttig også for fastlegar: 

 

Med helsing

Ragnar Kvie Sande
Seksjonsoverlege Fostermedisinsk poliklinikk
Kvinneklinikken, Stavanger Universitetssjukehus»


Pia Skoglund
Praksiskonsulent

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.