VeRaVest – Verdibasert Radiologi i Helse Vest
- Gratis kurs fra SKIL i samarbeid med VeRaVest
- Godkjent som 8t valgfritt kurs
- P-komp for 2 halve dager om møter holdes på dagtid ukedager
- Påmeldingssfrist 15.desember
Det har
dei siste 10 år vore ei stor auke i forbruk av radiologiske undersøkingar,
spesielt kompliserte undersøkingar som Computertomografi (CT) og Magnetisk
resonans-avbilding (MR). Dette har bidrege til ei betra behandling for mange
pasientar. Både fagmiljøa og sentrale myndigheiter har likevel i aukande grad
tatt til orde for at auken også medfører feilbruk og overforbruk, og uroa
for feilbruk og overforbruk har auka hos sentrale helsemyndigheiter.
I Helse
Vest er det derfor satt i gang eit prosjekt, VeRaVest, som har som mål å auke
kvaliteten i tilvising til diagnostikk av muskel- og skjelettlidingar, slik at
dei radiologiske tenestane brukast best mogleg til nytte for pasientane.
Dette skal
gjerast ved hjelp av:
1. Elektroniske tilvisingsråd. Allmennlegar som nytter DIPS Interactor for
tilvising til radiologiske undersøkingar i Helse Vest har tilgang til
tilvisingsråd innan muskel- og skjelettundersøkingar og nokre andre fagområde. Hurtigrettleiing
i bruk av DIPS Interactor.
2. Kurs. I kurset
Verdibasert Radiologi, utvikla av stiftelsen Senter for kvalitet i
legetjenester (SKIL), får ein tilgang til anbefalingar for tilvising til
muskel-/skjelettradiologi. Kurset er refusjonsgodkjent og godkjent som 8 timars
valfritt kurs til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin. Frist for
påmelding er 15. desember. Meir
om kurset.
3. Tilbakemelding på eigen tilvisingspraksis. Som ein del av SKIL-kurset Verdibasert
radiologi kan allmennlegane logge seg inn på ei nettside kor dei får ein
oversikt over kor mykje dei tilvisar til radiologiske tenester samanlikna med gjennomsnittet
av andre allmennlegars tilvisingspraksis. Nettsida visar tal for dei muskel- og
skjelettundersøkingane som det er presentert tilvisingsråd for i SKIL-kurset,
og i tillegg tal for dei ti undersøkingane det tilvisast mest til i dei
radiologiske avdelingane og røntgeninstitutta i Helse Vest. Det er Helse Vest
IKT som har utarbeida nettsida.
Prosjektet
er eit samarbeid mellom dei radiologiske avdelingane i Helse Vest, private
røntgeninstitutt, allmennlegar og Helse Vest IKT. Meir om prosjektet: VeRaVest