VeRaVest – Verdibasert Radiologi i Helse Vest
- Gratis kurs fra SKIL i samarbeid med VeRaVest
- Godkjent som 8t valgfritt kurs
- P-komp for 2 halve dager om møter holdes på dagtid ukedager
- Påmeldingssfrist 15.desember
Det har dei siste 10 år vore ei stor auke i forbruk av radiologiske undersøkingar, spesielt kompliserte undersøkingar som Computertomografi (CT) og Magnetisk resonans-avbilding (MR). Dette har bidrege til ei betra behandling for mange pasientar. Både fagmiljøa og sentrale myndigheiter har likevel i aukande grad tatt til orde for at auken også medfører feilbruk og overforbruk, og uroa for feilbruk og overforbruk har auka hos sentrale helsemyndigheiter.
I Helse Vest er det derfor satt i gang eit prosjekt, VeRaVest, som har som mål å auke kvaliteten i tilvising til diagnostikk av muskel- og skjelettlidingar, slik at dei radiologiske tenestane brukast best mogleg til nytte for pasientane.
Dette skal
gjerast ved hjelp av:
1. Elektroniske tilvisingsråd. Allmennlegar som nytter DIPS Interactor for
tilvising til radiologiske undersøkingar i Helse Vest har tilgang til
tilvisingsråd innan muskel- og skjelettundersøkingar og nokre andre fagområde. Hurtigrettleiing
i bruk av DIPS Interactor.
2. Kurs. I kurset
Verdibasert Radiologi, utvikla av stiftelsen Senter for kvalitet i
legetjenester (SKIL), får ein tilgang til anbefalingar for tilvising til
muskel-/skjelettradiologi. Kurset er refusjonsgodkjent og godkjent som 8 timars
valfritt kurs til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin. Frist for
påmelding er 15. desember. Meir
om kurset.
3. Tilbakemelding på eigen tilvisingspraksis. Som ein del av SKIL-kurset Verdibasert
radiologi kan allmennlegane logge seg inn på ei nettside kor dei får ein
oversikt over kor mykje dei tilvisar til radiologiske tenester samanlikna med gjennomsnittet
av andre allmennlegars tilvisingspraksis. Nettsida visar tal for dei muskel- og
skjelettundersøkingane som det er presentert tilvisingsråd for i SKIL-kurset,
og i tillegg tal for dei ti undersøkingane det tilvisast mest til i dei
radiologiske avdelingane og røntgeninstitutta i Helse Vest. Det er Helse Vest
IKT som har utarbeida nettsida.
Prosjektet
er eit samarbeid mellom dei radiologiske avdelingane i Helse Vest, private
røntgeninstitutt, allmennlegar og Helse Vest IKT. Meir om prosjektet: VeRaVest
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.