mandag 14. oktober 2013

Intravenøs antibiotikabruk i sjukeheim og kommunale ø.-hjelpssenger

Intravenøs behandling er godt etablert i sjukeheimane siste åra jfr Prosedyre publisert i Praksisnytt i 2008. Denne er no revidert utan store endringar. 

Grunnlaget er Nasjonale faglege retningsliner for antibiotikabruk i primærhelsetenesta og i spesialisthelsetenesta og drøfting mellom Nord-Jæren Sjukeheimslege-forum og SUS 









Endringar: 
1) Andregenerasjons-Cefalosporin er bytta ut med 3.generasjons (Cefotaxim)
2) Max.penicillindose er redusert til 1,2g.  Mecillinam er framleis valt som 1.valg framfor Ampicillin+Gentamicin og Cefotaxim er vurdert som såpass likeverdig med Piperacillin/betalaktamasehemmar (Tazocin) at ein ikkje har sistnemnde med i prosedyren.

Heile prosedyren er meint som retningsgivande og avhengig av kompetanse/ressursar kan lokale prosedyrer sjølsagt bli både enklare og meir omfattande.

Indikasjonar og preparat

Nedre LVI
1.Benzylpenicillin
(Benzylpen. ® /Penicillin®)
2.Cefotaxim
(Cefotaxim®)
2mill IE(1,2g) x 4

1-2g x 3


Red. v/ nyresvikt
Øvre UVI
1.Mecillinam
     (Selexid®)
2.Cefotaxim
(Cefotaxim®)
400mg x 3

1-2g x 3
Evt red dose når respons
Red.v/nyresvikt
Erysipelas/ bløtdels-
infeksjon
1.Benzylpenicillin

2.Dicloxacillin
     (Diclocil®)
2mill IE(1,2g) x4

1g x 4



Flg.preparat  kan blandast i NaCl  9mg/ml, så oppbevaring i kjøleskåp

PREPARAT
MENGDE
INF.TID
HOLD-
BARHET
NaCl-
volum
Benzylpenicillin ® /Penicillin® 
                 
1,2g=2mill IE

20-30min
20-30min
 0t
100ml
Selexid®
400mg
20-30min
24t
100ml
Cefotaxim®
1g
2g
20-30min
20-30min
 0t
50ml
Diclocil®      
1g
Ca 60min
16t
100ml



Kåre Øygarden,                                                                                                                   
Avd.lege,avd for Øyeblikkeleg hjelp,Jæren      

Jon Sundal                               
Overlege,med.klinikk,SUS

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.