Praksisnytt har blitt bedt om å videreformidle informasjon om en informasjonskampansje som begynner i dag 19.mai.
Du kan lese mer om kampanjen under.
Oppdatert informasjon om ventetider finner man på: helsenorge.no/velg-behandlingssted
Man kan evt ringe: 800 50 005.
Informer
pasienten om ventetider
Som fastlege
er du pasienten sin viktigaste rådgivar ved val av behandlingsstad. Informer
pasienten om at ventetidene kan variere og at pasienten sjølv kan velje kor
tilvisinga skal sendast.
Når
pasientar blir tilviste til sjukehus, har dei rett til å velje kor dei vil ha
undersøking eller behandling. Pasienten kan velje mellom alle offentlege og fleire
private behandlingsstader. For å ta gode val, er det nødvendig med relevant
informasjon, særlig om ventetider. Her har du som fastlege ei viktig
nøkkelrolle.
Informasjon for fastlegar
På helsenorge.no/velg-behandlingssted kan du samanlikne ventetider,
kvalitet og talet på utførte behandlingar ved dei ulike behandlingsstadene. Det
er ein fordel å gjere dette allereie før du sender tilvisinga. Du kan også
ringje direkte til ein pasientrådgivar: 800
50 005. Dei har god oversikt og kan gi nyttig informasjon i val av
behandlingsstad for dine pasientar. Pasientrådgivarane har også oversikt over avtalespesialistar
og ordninga Raskare tilbake.
Informasjon for pasientar
Om du
ikkje har moglegheit til å sjå på ventetidene til dei ulike behandlingsstadene
i saman med pasienten, er det viktig at du informerer pasienten om at han eller
ho kan velje å få behandling på den staden dei er tilviste til, eller om
tilvisinga skal sendast til ein annan stad som for eksempel har kortare
ventetid etc.
Pasienten kan finne meir informasjon om ventetider på helsenorge.no/velg-behandlingssted. Eller
dei kan ringje 800HELSE (800 43 573) og spør etter ein pasientrådgivar for
å få individuelle råd. Pasientrådgivarane er sjukepleiarar med erfaring frå
spesialisthelsetenesta. Dei kan gi informasjon om ventetider for utgreiing og
behandling, om behandlingstilbodet i og utanfor pasienten sin helseregion og om
pasientrettar.
Fritt behandlingsval kan gi din pasient
raskare hjelp!
Les meir om det ansvaret du har som fastlege på Helsedirektoratet
sin nettside: https://helsedirektoratet.no/fritt-behandlingsvalg/fastlegens-ansvar-i-fritt-behandlingsvalg
Informasjonskampanje
for å auke kjennskapen
Det er mange som ikkje er klare over at dei kan få
hjelp til å velje behandlingssted. Ei undersøking gjennomført av Epinion viser
at berre 42 prosent av befolkninga i Norge kjenner til at dei kan gå inn på
nettstaden ”Helsenorge.no/velg-behandlingssted” og få oversikt
over kva offentlege sjukehus og private behandlingsstader dei har rett til å
velje mellom, samt sjekke ventetider og få annan informasjon om dei ulike
behandlingsstadene. Berre 14 prosent kjenner til at dei kan ringje 800 HELSE (800 43 573) og be om å få hjelp av ein pasientrådgivar.
Alle helseføretaka i landet køyrer derfor ein
informasjonskampanje, i samarbeid med Helsedirektoratet, for å auke kjennskapen
til ordninga Vel behandlingsstad og til pasientrådgivarane.
Informasjonskampanjen vil vere i sosiale medium og startar 19. mai.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.