Sommaren 2020
vedtok Stortinget endringar i bioteknologilova. Mellom anna bad ein regjeringa
om å sørge for at fyrste trimester ultralyd med tilleggsundersøkingar som kunne
oppdage sjukdom hos fosteret, vart gjort tilgjengeleg gjennom det offentlege
helsevesenet. Dei endringane som ikkje krevde vesentlege ressursar vart
iverksett ganske raskt, dei endringane som var meir ressurskrevande kunne ein
ikkje implementere over natta. Fyrste trimester ultralyd med
tilleggsundersøkingar til 50 000 gravide var ikkje mellom dei endringane
som ikkje krevde vesentlege ressursar (dobbel negativ der, beklager det, men de
tar teikninga).
For å etterkome
vedtaket så snart som råd, sette helsedirektoratet ned ei referansegruppe med
representantar frå alle fire helseforetak, begge jordmorsamanslutningane,
almennlegeforeininga, norsk gynekologisk foreining, fostermedisinsk nettverk,
medisinsk genetiske avdelingar og brukarrepresentantar. Denne gruppa skal ta
stilling til kva innhaldet i tilbodet skal vere. Dette er ei avveiing mellom å
levere høgast muleg kvalitet på tenesta, samtidig som ein ynskjer å implementere
dette relativt raskt. Vidare skal dei gje ei vurdering av kva som kan gjerast i
primærhelsetenesta, kva som skal gjerast på lokalsjukehus, og kva som blir
oppgåva til dei fostermedisinske sentra. Gruppa skal også seie noko om kva som
er eit realistisk tidsperspektiv for innføring av endringa, kva utdanningsbehov
som ligg føre, og korleis ein kan møte dette.
Gruppa til
helsedirektoratet skal levere innstillinga si 1/11 2020, etter det veit vi meir
om kva som blir innhaldet i tilbodet og når det kan gjerast tilgjengeleg for
dei gravide. I mellomtida vil det vere mange frustrerte kvinner som ynskjer seg
fyrste trimester ultralyd med tilleggsundersøkingar som kan oppdage sjukdom hos fosteret, og som med ein viss rett kan hevde at Stortinget har vedteke at det
skal dei få. Enn så lenge har vi dessverre ikkje kapasitet eller høve til å
tilby dette, vi må arbeide ut frå eksisterande lovverk fram til den datoen
direktoratet bestemmer at dette skal innførast nasjonalt.
Ragnar Kvie Sande
Seksjonsoverlege
KK SUS
Vitskapleg
sekretær Norsk Gynekologisk Forening
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.