tirsdag 27. juni 2023

Gyn&føde: Redusert UL tilbud gravide sommeren 2023

På grunn av kapasitetsproblem i samband med sommarferieavvikling ser vi oss ikkje råd for å oppretthalde tilbodet om tidleg ultralyd til friske gravide under 30 år i perioden 24/6 – 20/8. 

Heilt spesifikt vil det gjelde kvinner som enno ikkje har fyllt 30 år ved gestasjonslengd 12+4, og som når denne gestasjonslengda i den aktuelle perioden. 

Vi beklagar dette på det sterkaste, men vi ser ikkje noko anna løysing dersom vi skal klare å oppretthalde eit forsvarleg tilbod til kvinner med kompliserte svangerskap eller alvorleg kreftsjukdom gjennom den aktuelle perioden.

Kvinnene vil få tilbod om rutineultralyd i veke 18. Dersom det er forhold som er av betydning for vurderinga av henvisinga, til dømes tidlegare svangerskap med kromosomavvik eller bruk av fosterskadelege legemiddel, ber vi om at dette framgår tydeleg av henvisinga, så vil dette bli gjenstand for individuell vurdering.

Vi seier oss som sagt leie for at vi er nøydde til å gjere denne prioriteringa.


Ragnar Kvie Sande                                        Pia Skoglund

Overlege                                                         Praksiskonsulent

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.