I samband med utviding til 4 vaktskikt lyser
kvinneklinikken SUS ut overlegestillingar, med høve til å søke LIS-vikariat ved
internt opprykk.
Tidlegare har det vore vanskeleg for almennlegar med interesse
for gynekologi og obstetrikk å få sidespesialisering ved kvinneklinikken. Dette er beklageleg, då almennlegar i
sidespesialisering er eit godt høve til gjensidig læring og betre samarbeid.
Vi ynskjer å
oppmode almennlegar med interesse for gynekologi og obstetrikk til å søke dei
utlyste stillingane.
Ver obs på at søknadsfristen er allereie 27/1, så her
gjeld det å tenke fort!
Detaljar kring avdelinga og dei utlyste stillingane
finn de på Webcruiter.
Leiinga
Kvinneklinikken i
Stavanger, SUS
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Alle kommentarer blir sendt på epost til redaktøren før publisering. Det kan derfor ta litt tid før de viser i bloggen.